Yogalærerutdanning
Natur & Yogaterapi
I denne yogalærerutdanningen bruker me naturen som base. Både naturen rundt oss; vatn, skog, fjell, sjø, luft og ild, og naturen inni oss.
Du lærer å flette yoga, pusteteknikker og meditasjoner inn i tilstedeværelse i naturen og i din egen kropp.

Det blir rolig, stressreduserende yoga for dei som vil bruke yoga til å roe ned, inkludert dei som er utbrent og som ønsker meir energi, overskudd og betre søvn. Det blir og dynamisk yoga med solhelsing, ståande øvelser, energiflyt, styrke og opnande yoga.
I utdanninga fletter me saman element frå ulike yogaformer som:
Kundaliniyoga
Klassisk yoga
Yin yoga
Yoga Nidra
Retorative yoga
Natur - og yogaterapi vil være eit gjennomgåande tema i alle modulane.

Her er noko av det du kjem til å lære:
Korte og lengre yogaprogram
Avspenningteknikker
Pusteøvelser
Meditasjoner
Mantra og chanting
Skogsyoga
Bruke naturen som terapi og å følge naturen sin syklus
Bruke yoga og meditasjon som terapi
Organisering av månesirkler/kvinnesirkler/andre typer sirkler
Bevissthet i forhold til egen syklus og korleis best leve etter den
Ulike former for biohacking
Korleis bruke musikk og stemme for å underbygge yogapraksisen
Konkrete verktøy for å tilrettelegge for enkeltpersoner, grupper og temaworkshops

Denne utdanninga er lagt opp både for deg som er yogalærer frå før, og for deg som ikkje er det.
Du kan bruke denne utdanninga til å starte opp som yogalærer. Du kan og integrere den i annen type terapi og verktøy som du gir til andre.
Du kan jobbe som yogalærer fra før og ha eit ønske om å tilegne deg ny læring og inspirasjon. Her får du nye verktøy og innfallsvinkler.
En viktig del av utdanningen blir egenpraksis, egenomsorg og korleis du ivaretar deg sjølv som menneske og yogalærer.

Dette er ein 100 timar yogalærerutdannelse der du mottar diplom.
Kriterier:
Deltakelse på 80% av undervisningen.
Undervise fem gonger med innlevering av sjølvevaluering og tilbakemeldinger fra deltakerne.
Innlevering av egenvalgt oppgåve innenfor tema (500 - 1000 ord).
Egenpraksis mellom kvar modul.
Stad:
Skogens Ro Yogastudio, Vassenden 30, Stord
Utdannelsen i 2025 er full, men du kan sette deg på ei uforpliktende venteliste på utdanninga i 2026.
Moduler i 2026:
Modul 1: Våren : 10. - 12. April
Modul 2: Sommaren: 19. - 21. juni
Modul 3: Høsten: 21. - 23. august
Modul 5: Vinteren: 2. - 4. oktober
Timeplan:
Fredag 17.30- 21.30
Lørdag og Søndag 8.00- 18.00 (det blir lagt inn pauser)
Pris:
22.000
Betalinga kan deles opp i fire like deler. Prisen kan komme til å endre seg litt, men dette frå du beskjed om før du treng å bekrefte påmeldinga di.
Påmelding til: E - post : [email protected]
Om du treng overnatting kan me tipse om alt frå hengekøystad/teltplass i nærleiken, Airbnb, hotell med velværeavdeling osv.
Om lærarane:

Mitt navn er Anita Kehr og eg driv Skogens Ro Yogastudio💚
Eg håper å kunne inspirere deg til å ta enda bedre vare på deg sjølv. Mange av oss lever travle liv, både i jobb og privat. Yoga slik eg ser det kan gjere oss bedre i stand til å takle dei utfordringane me står i og balansere livet på ein god og omsorgsfull måte.
Slik kan me ta bedre vare på dei rundt oss og.
Skogens Ro Yogastudio er navnet på mitt nydelige yogastudio som ligg, som navnet tilseier midt i naturen med fantastisk utsikt gjennom store vindu. Her er det lett å finne ro. Dei fleste som kjem inn her kjenner roen allerede når dei står i døra.
Eg oppdaga yoga i 2002 når eg gjekk gravid med mi første dotter. Eg tok grunnutdanning i klassisk yoga på Atelier Yoga i Bergen, og eg har seinare bygd på med utdanninger innan Yin yoga , Restorative Yoga, Yoga Nidra og medisinsk Yoga. Eg har og teke vidareutdanning innan Holistisk yoga og traumesensitiv yoga. Tilsaman har det forløbig blitt nær 600 timar yogautdanning. Eg har undervist hundrevis av timar, og elskar det!
Eg er evig student og elskar å lære nye ting. Eg blir heldigvis aldri utlært. Jo meir eg lærer, desto bedre forstår eg kor lite eg veit! Me tileignar oss ny kunnskap kvar einaste dag. Dette gjer livet spanande!
Eg har faste yogatimar og grupper kvar dag. Yogahelger og retreats i både inn og utland.
Eg har tatt Mindfulness kurs og har sjølv praktisert Mindfulness dei siste 15 åra. Dette brukar eg aktivt inn i yogaundervisninga. Eg har fokus på ro og nærvær i pust, kropp og sinn. Sjølv har eg nakkeprolaps og kronisk migrene, og Yoga hjelper med å lindre smertene. Det har vert enormt viktig for tilfriskninga og livskvalitet min. Eg bruker mi erfaring som grunnlag når eg undervis.
Mange slit med smerter i kroppen, og trur at ein ikkje kan trene på grunn av det. Den typen yoga som eg formidlar, kan alle gjere. Eg tilpassar timane mine til kven som kjem, og kan legge til styrke, fleksibilitet og uthaldenhet- heile vegen med fokus på å kjenne innover, og registrere korleis DIN kropp reagerer og responderer. Ei enormt spanande reise!


Mitt navn er Aud Amiti Myhre.
Heilt fra eg var ei ung kvinne, har eg søkt etter min indre sannhet og ein høgere bevissthet. Eg starta med meditasjon og yoga i 20-åra og fordjupa meg i ulike former for spirituell praksis og sjølvutvikling. I fleire år reiste eg rundt i verden før jeg busatte meg i sju år i fjellene i Spania for å leve eit enkelt liv i pakt med naturen.
Først då jeg prøvde Kundaliniyoga, fant eg noko som jeg følte inneholdt ein sammensetning av alt eg søkte etter i ein praksis. Der var yoga, meditasjon, åndelighet, pust, kvile, mantra og fokus på å høyne bevisstheten.
Eg fordjupa meg i denne kraftfulle og djuptgåande yogaformen og er no utdanna internasjonal Kundaliniyogalærer nivå 1 og 2 og som Kundaliniyogaterapeut. Eg underviser i Kundaliniyoga, i meditasjon, yogaterapi, djup kvile og pust, og har eit fokus på egenkjærleik og tilstedeværelse.
Eg brenn for å formidle Kundaliniyoga slik at den kan nå ut til deg som søker etter meir livskraft og livsglede. Slik at ditt indre gnistrande lys kan få skinne i sin fulle styrke.
Eg er og utdannet i Yoga Nidra og underviser i denne djuptgående yogaformen. Eg trur at at kvar og ein av oss kan finne fram til dei verktøyene som er rett for oss, og at me har kraft til å forme livet vårt.
I yogatimene med meg møter du ikkje hodestående eller store bakoverbøyer. I mine timer møter du ein yogaform som ofte er enkel å få til. Eg er spesielt opptatt av å lytte til kroppen, å være i pusten og å gi seg sjølv det ein treng.
Om du kjenner at du vil oppnå meir livsglede, indre ro, balanse, egenkjærlighet oppmerksomt nærvær, overskudd og vitalitet så viser eg deg gjerne dei teknikkene eg har lært, og som jeg bruker jevnlig. Og bonusen? Jo den er at du og løyser opp i spenninger i kroppen, blir mjukare, ofte får betre søvn, og muligens også mindre vondt i kroppen.
Eg har 35 års erfaring med yoga og meditasjon, er internasjonalt sertifisert Kundaliniyogalærar, nivå 2 (500 timer). Har i tillegg utdanning i Yoga Nidra og Restorative Yoga og i Meditative healing. I 2024 fullførte jeg utdannelsen min som Kundaliniyogaterapeut (500 timer) og ga ut boka "Kundalinikraft - gi deg selv tillatelse til å leve et fritt og feminint liv."



Du er velkomen til å være med oss og dykke ned i djupet av natur, yoga og din indre kjerne.